Vestlandet

Bli med på ei framsyning utanom det vanlege! Framsyninga Vestlandet er eit gjestespel frå Teater Vestland, som tek deg med på ei reise gjennom Vestlandets storslåtte natur og dramatiske historie, der draum og røyndom smeltar saman i ei surrealistisk hyllest til regionen sitt særpreg.
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit 2 timar og 15 min

Om stykket:

Forfattaren Erlend og bildekunstnaren og idesprutaren Yngve køyrer vestlandet rundt i ein nikotingul Toyota Camry.
Dei trassar uvêr, ras og stengde tunnelar på ein fuktig tripp gjennom Vestlandets dramatiske natur.

Som leiemotiv har dei Anders Lysne, bondeopprøraren og vegbyggaren frå Lærdal, som vart halshogd i Bergen i 1803. Dei har eigenhendig stole skallen hans, og no vil dei bringe han heim. På vegen møter dei både levande og døde, spelemenn, separatistar og tobakksbønder, og blir forfølgd av skumle embedsmenn frå Austlandet.

Det er ikkje fritt for at det doggar på brillene i denne nærsynte hyllinga av – og harselasen med – det vestlandske sinnelaget. Draum og røyndom glir over i kvarandre i ein hysterisk heisatur gjennom språk og landskap.

Både lesarar og kritikarar var vilt begeistra då Vestlandet av Erlend O. Nødtvedt kom i 2017, og boka har fått kultstatus.

 

 
Sagt om boka

  • Vestlandet blir aldri det same etter dette – NRK
  • Et surrealistisk univers med Twin Peaks-assosiasjoner – BT
  • Fjorårets morsomste roman – Civita

 

 

Kunstnarleg lag: 

Forfattar Erlend O. Nødtvedt
Dramatisert av Eirik Fauske
Regissør Eirik Fauske
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington
Assisterande scenograf og kostymedesignar Thale Kvam Olsen
Lysdesignar Eirik Brenne Torsethaugen
Komponist og lyddesignar Viljar Losnegård
Tekstdramaturg Marit Grimstad Eggen

MEDVERKANDE Harald Ottesen Nødtvedt, Kyrre Eikås Ottersen og Madalena Sousa Helly-Hansen

Framsyninga er produsert av Teater Vestland.

 

Kjøp billettar til Vestlandet

Framsyninga har avgrensa speleperiode – ikkje vent for lenge!

 

  • Er du klar for ei unik og surrealistisk teateroppleving? Bli med på heisaturen gjennom Vestlandet!
  • Framsyningar frå 6. til 10. mai.

 

 

Billettar