
O3:08:38 Tilstandar av unntak
Framsyninga er ein rekonstruksjon av ettermiddagen 22. juli 2011 presentert i sanntid, sentrert rundt ein komposisjon av autentiske radiosendingar og lydopptak frå denne dagen. Mot lydkulissane arbeider eit team av teiknarar, filmskaparar og musikarar med sine fortolkingar av tida og hendingsforløpet. Her finn vi markante bergenskunstnarar som blant andre perkusjonist Terje Isungset og biletkunstnar Arvid Pettersen. Eit kor er sett saman for anledninga.
Tre timar, åtte minutt og trettiåtte sekund var tida det tok ein ung mann å sprenge eit norsk regjeringsbygg for så å avrette unge sosialdemokratiske politikarar på sommarleir. Korleis reagerte (om)verda? Kva blei sagt utanfor Noreg? Korleis reagerte ulike samfunn, ulike menneske – ikkje etterpå – men midt i ein slik tilstand av unntak, der ingen enno visste noko sikkert om omfang, årsak og motivasjon; der spekulasjonar gjekk i alle retningar; der Facebook-bilde blei bytt ut med nasjonale symbol; der fortrengte politiske fordommar fekk spele seg ut på gateplan?
Som mange gongar tidlegare presenterer Transiteatret-Bergen eit teateruttrykk som utfordrar førestillingane våre om kva teater kan vere. Denne gongen speler sjølve tida og våre eigne minne hovudrolla.
Sceneversjonen hadde bergenspremiere på Det Vestnorske Teateret, Logen, 15. januar 2020. Pressen ga framsyninga særs gode kritikkar. (Sjå lengre nede på denne sida).
No er vi glade for å ha dei tilbake hos oss med denne eine framsyninga som vert sett opp i samarbeid med Festspillene i Bergen.
Prisar:
Heddaprisen 2020 for Særlig kunstnerisk innsats til Tore Vagn Lid.
Heddaprisen 2020 for Beste audiovisuelle design til alle skapende kunstnere i prosjektet.
Osloprisen for Årets scenekunst 2020 (Natt&Dag)
«03:03:38 Tilstandar av unntak» av Tore Vagn Lid
Audiovisuelt konsept og regi: Tore Vagn Lid
Scenografi: Øystein Nesehim / Tore Vagn Lid
Komponistar: Tore Vagn Lid / Terje Isungset
Kamerateam: Anders Elsruud Hultgreen / Øystein Nesheim / Tor Christian F. Bleikli
Teiknarar: Øystein Nesheim, Arvid Pettersen
Arrangør av Franz Schuberts: «Strykekvartett Døden & Jomfruen» No.14 / Strykekvintett D 956) Tore Vagn Lid
Teknikk/Teknisk avvikling: Mathias Grønsdahl
Lyddesign: Tore Vagn Lid/ Morten Skage / Mathias Grønsdahl
Musikarar:Terje Isungset, Per Jørgensen, Tore Vagn Lid, Morten Skage
Songarar: Berit Opheim, Ingvill Espedal, Regine Forthun, Jon Bjørnar Sandve, Idar Aaserud Løvlid, Iver Bogen, Erlend Leinan Lund.
Research: Øystein Nesheim, Tor Christian Bleikli, Tore Vagn Lid
Produsert av Transiteatret-Bergen i samarbeid med Det Vestnorske Teateret og presentert i samarbeid med Festspillene i Bergen.
Støtta av Fritt ord, Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune.
Les meir på Transiteatrets eiga nettside.
Bilete
Teatermeldingar
"På Utøya får vi følge massedrapsmannens ferd i form av en rød tusjstrek på kartet, og vi vet hva som skjedde. Denne delen av stykket fremstår som mest gripende, koret og musikerne skaper en hudløs stemning".
Olav Gorseth, Bergensavisen 16.01.2020
Et unikt teaterprosjekt "Transiteatret iscenesetter 22. juli sekund for sekund i «sanntid» og tar i bruk helt nye virkemidler for å beskrive det nasjonale traumet"
Charlotte Myrbråten, Bergens Tidende 16.01.2020
"Det trengs bare en teaterforestilling om 22. juli. Denne.
Karen Frøsland Nystøyl, NRK
"Ei teateroppleving av dei sjeldsynte, stort tenkt og stort utført"
Dag og tid, Jan Landro