
Stengd gitar
Jon Fosse sin kritikarroste roman «Stengd Gitar» kom ut i 1985.
«Bortover gangen, og føtene er tunge mot golvet. Døra slo igjen og ungen begynner å grine. Eg går med tunge føter bortover mot heisen. Det er morgon. Full berepose. Ungen skrik.»
Slik byrjar Jon Fosse si sterke forteljing om ei ung jente som har låst seg ute frå leiligheita si. I eit rom av suggerande ubehag og ei dirrande spaning møter vi ei tjue år gamal einsleg mor som ein morgon i desember finn seg sjølv på utsida av si eiga låste dør. Bak denne døra ligg spedbarnet hennar innelåst. No gjeld det å finne vaktmeisteren og få trøyste det skrikande barnet. Men føtene er tunge, sinnet er ullent og handlekrafta vanskeleg å mobilisere. Jenta legg i veg på ei ferd for å finne hjelp. Ei ferd som finn mange omvegar og som etter kvart flettar saman notid og fortid i ei reise gjennom hennar skjebne. Ei reise som fjernar henne meir og meir frå barnet som treng henne.
Reidun Melvær Berge skildrar dette utsette mennesket sitt sinn i tett samspel med Øystein Bech-Eriksen sine gitar-tonar. Saman skapar dei eit skarpt innblikk i eit plaga menneske si einsemd.
Sjå videoreportasje frå stykke, frå hausten 2021.(laga av Andreas Roksvåg i samarbeid med DVT). NB: Her var det med gitarist Even Kjelby.
Les intervju med Reidun på Tendens.
Kunstnarleg lag:
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Musikalsk konsept: Even Kjelby
Lysdesign: Silje Grimstad
Med: Skodespelar Reidun Melvær Berge og musikar Øystein Bech-Eriksen
Lydteknikk: Cem Arapkirlioglu