
Steg for steg
Ta med vennegjengen, turgruppa eller kollegaer for ein hyggeleg kveld i teateret!
Kjenner ein eigentleg vennene sine før ein har sove i telt med dei? Tre damer er på fjelltur. Dei er alle født med asfalt under beina, men dei har bestemt seg for å heidre den turglade venninna som ikkje er blant dei lenger, ho som var limet i gjengen. Firkløveret er blitt til eit trekløver. Med gnagsår og galgenhumor følger dei i hennar fotspor. Det går ikkje heilt etter planen, vegen er bratt og vennskapet vaklar.
Dette er ein komedie om kor vanskeleg det er å komme seg vidare, det er ein komedie om vennskap og sakn. Det er ein komedie om ta steg for steg.
Framsyninga er skrive av Peter Quilter og er blitt ein stor suksess i Europa etter premieren for nokre år sidan. I år skal stykke ha spansk premiere i Barcelona i tillegg til å bli spelt i Finland, Nederland, Bulgaria og Kroatia. Vi er glade for at Noregspremieren blir hos oss på På Det Vestnorske Teateret: 25. november
Spelar til og med 21. januar
Framsyningas lengde: Ca. 2 timar inkludert pause.
STEG FOR STEG
Av: Peter Quilter
Omsett frå engelsk til norsk/bokmål av Frode Gjerløw og til nynorsk av Christine Hope
Regi: Frode Gjerløw
Scenografi: Gjermund Andresen
Dramaturgi: Solrun Toft Iversen
Lysdesign: Silje Grimstad
Med: Reny Gaassand Folgerø, Christine Hope, Linn Løvvik
Teaterforlag: Nordiska ApS International Performing Rights Agency