Spelejenta

Tusen takk til alle små og store som kom og såg Spelejenta! Speleperioden er no ferdig.
  1. Spelar
  2. Scene Scene 2
  3. Varigheit ca 1 time

Dette er ei musikkteater-framsyning for barn frå 5 år, basert på ei forteljing av Jon Fosse. Det er ei forteljing om krafta til fantasien, leiken og musikken. Med: Thea Borring Lande og Jan Holden.  Dramatisering, regi og manus: Ingrid Askvik.

..ho såg mot nord, men ingen far var å sjå, ho snudde seg og ho såg mot sør, og ingen far var å sjå, og så snudde ho seg mot aust og heller ikkje der var nokon far å sjå. Då snudde den vesle spelejenta seg med handa framføre augo og såg mot vest, og då, då kunne ho sjå faren sitja der på steinen i fjøra. 

Når Spelejenta legg ut på reise vert veggane i huset til landskap, møblane til bratte fjell og ein kaffetraktar til lyden av ei myr. Målet er å nå fram til far sin som sit rett framfor henne i stova, men likevel så langt borte.

 

Nei at du kunne finna meg, seier faren  

Ja, seier den vesle spelejenta  

Eg veit ikkje heilt korleis eg klarte det 

Spelejenta er ei  musikkteater-framsyning for barn fra 5 år basert på boka med same namn av Jon Fosse, med illustrasjonar av Øyvind Thorseter, dramatisert av Ingrid Askvik.

Regissør Ingrid Askvik og komponist Felipe Noriega har sidan 2015 produsert 7 musikkteatrale framsyningar for barn, i Nederland og Norge. Blant anna laga dei Deilig er Jorden for Teateret Vårt i 2020, Franscesca ved Unge Viken Teater 2021 og SKVULP, ein objekt-opera for babyer på DNS i 2018. 

No har dei fått med seg scenograf og kostymedesigner Silje Sandodden Kise og skodespelarane Thea Borring Lande og Jan Holden for å videreutvikle metodane sine for musikkteater og til å skape eit nytt verk der alle verkemidla er smelta saman og skiljet mellom kva som er scenografi, musikk og regi er viska ut.

 

Spelejenta: Thea Borring Lande

Faren: Jan Holden

Stemma i radioen: Katrine Lunde Mackenzie

Regi og manus: Ingrid Askvik

Komposisjon: Felipe Noriega

Scenografi og kostyme: Silje Sandodden Kise

Lysdesign og teknikk: Jan Holden

Produsent: Gunnbjørg Johannessen, Syv mil.

Co- produsent: Det Vestnorske Teateret

Foto: Vegar Moe Nilsen
Illustrasjon: Silje Sandodden Kise

Støtta av: Norsk Kulturråd, Bergen Kommune, SPENN, Bergesenstiftelsen, FFUK, Fond for Lyd og bilde.

Bilete

Foto: Vegard Moe Nilsen

Teatermeldingar

Meldingar etter premieren 26. mai 2023