
Skulerevyen
Earlybird-tilbod: Kjøp før rektor oppdagar det!
Gyldig til og med 4. mai – berre 440 kr!
Kodeord: REKTOR
Ordinær fullpris er 540 kr
Tei stille! Sett deg ned! Legg vekk mobilen!
Ein komedie frå skulekvardagen
Kva skjer når læraren mister grepet om klasserommet? Når foreldra forventar at skulen tek over barneoppdragelsen? Og når uro, skjermar og diagnosar blir ein del av timeplanen?
Med ein god dose latter og satire set vi søkjelys på utfordringane i skulen med denne revyen.
Rett i ryggen! Finn fram matteboka!
Bak plakaten! – og rett inn i kaoset!
Det tok fyr. På ekte.
Lurer du på korleis dette kaoset blei til?
Vi tok heile “Skulerevyen” utandørs og laga ein plakat med flammar, blokkfløyte – og full fyr i klasserommet.
Ekte historier, ekte humor – frå ekte skuleliv
Det Vestnorske Teateret er stolte over å ha med OLAUG NILSSEN, SELMA LØNNING AARØ og CHRISTINE HOPE i utviklinga av manuset. Saman med regissør FRODE GJERLØW, dramaturg på teateret ASLAK MOE, og teatersjef THOMAS BYE har dei sett seg som mål å famne så mykje av skulekvardagen som mogeleg. Men uansett kor sørgeleg og trist utgangspunket kan vere, har dei heile tida leita etter humoren, og tvisynet.
Med humor og varme, dreg dei deg gjennom ein skulekvardag full av dilemma, diagnosar og disiplinproblem.
Inn i skammekroken med deg! Ikkje vipp på stolen!
Det er mykje å le av. Og litt å grine av òg.
Skodespelarar
- Christine Hope
- Thomas Bye / Anders Vårdal Gjerde
- Kristoffer Egset
- Eirik Risholm Velle
Passar for deg som
- Har gått på skulen
- Har ungar på skulen
- Jobbar i skulen
- Eller berre elskar ei god komedie om norsk kvardag
Friminutt for vaksne (Teater- + hotellpakke)

Gjer opplevinga komplett – med showpakke!
Bestill Skulerevyen + hotell via Showpakker.no, og få:
- Overnatting hos Scandic
- Prisløna frokost (utan matpakkepress)
- Gode billettar
Alt til ein gunstig pakkepris.

