Røyst

Speleperioden hos oss på Det Vestnorske er no avslutta! Takk til publikum for fine tilbakemeldingar.
  1. Spelar
  2. Scene Det Vestnorske Teateret i Logen
  3. Varigheit 1 time

Gjort med humor og glimt i auga– men også ein god dose sårbarheit. Ho syng og fortel om sine eigne dobbeltmoralske dilemma og prøvar med mange ulike musikalske innfallsvinklar å løyse verdsproblem i løpet av 60 minuttar. Med song skal verda reddast!



NB: Pga. gjeldande nasjonale smittevernsreglar kan vi kun ha folk frå Bergen kommmune på framsyninga!

 

Bodil Rørtveit har ei omfangsrik stemme med stort uttrykksregister og bakgrunn fra ulike musikksjangre; verdensmusikk, jazz, klassisk, acapella, tango og kunstmusikk. Til saman skapar dette ein unik stil, og ho resonnerer med uttrykk som urkraft og raffinert musikk. Bodil ønsker å berøre publikum, og at dei skal oppleve unike augneblink av fellesskap og nærvær.
Ho er artist og prosjektleiar for plastkonsertframsyninga «Sustain», som hadde urpremiere under Festspillene i Bergen i 2017. Tre år seinare vart Sustain utvida med 80 musikarar då «Sustain in Symphony» hadde premiere saman med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen.

Foto: Jørn Lavoll. Plakatdesign: Fam Irvoll. 

 

Velkommen til Røyst!

Ei kompakt og togreise-vennleg framsyning med kun ei kvinne,
to koffertar og ein «handsized bag»!

Cirka 80% av alle rekvisittane og kostymane i framsyninga er berekraftige*

Vi har forsøkt å velge gjenbruk, restar, naturmaterialar og miljøvennlege alternativ til alt vi har laga. Til dømes:

  • Koffert av fabrikkens gjenbrukte plastavfall, med innertrekk av brukte flasker
  • Kreativt gjenbruk av paljettplagg og anna frå Fretex
  • Bruktfunn frå Finn.no
  • Giftfri, miljøvennleg (og glutenfri!) maling
  • Tau frå gras på maiskolbar
  • Kortreiste konglar plukka på Fløyen


(* med atterhald om at ikkje berre merkelappen var økologisk.....)

Utøvar/komposisjon/konsept: Bodil Rørtveit. 

Regi/konsept: Ingrid Askvik.

Scenografi/kostymedesign/konsept: Silje Sandodden Kise.

Produksjon: Syv Mil AS.

Produsert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret

Lyddesign: Elaine Maltezos

Lysdesign: Jon Eirik Sira

Lysteknikar: Lise-Lotte Flesland

Kostymemakar: Julie S. Jensen

Dramaturg-konsulent: Åste Marie Bjerke

Tekstkonsulent: Hilde Trætteberg Serkland

 

«Our house is on fire»

Melodi: Bodil Rørtveit. Tekst: Greta Thunbergs tale i Davos 2019

 

«Sjå for deg»

Melodi: Bodil Rørtveit. Tekst: Hilde Trætteberg Serkland

 

«It is the destruction of the world»

Melodi: Bodil Rørtveit. Tekst: Dikt av Wendell Berry

www.bodilrortveit.no  www.detvestnorsketeateret.no

 

Bilete

Foto: Jørn Løvoll