Ro mitt hav

"Ro mitt hav" med skodespelar Anne Marit Jacobsen og musikar Sinikka Langeland er ei varm og humoristisk framsyning basert på tekstane til Jon Fosse.
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen, Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit ca 1 time

Anne Marit Jacobsen er ein av våre mest folkekjære og kjende skodespelarar gjennom ei lang karriere. I 2019 vart ho beden om å gi ut ei diktsamling med tekstar av Jon Fosse. Det var Fosse sjølv som ønska dette. Det er tekstar frå denne boka som dannar stammen i poesikonserten «Ro mitt hav». Med seg på scenen har ho ein av våre fremste folkemusikarar, Sinikka Langeland, som har komponert musikken. 

Jacobsen er kjend frå både teater, revy og film og har vore skodespelar i over 50 år med fast base ved Nationaltheatret. Ho har mottatt mange prisar for sin innsats og vart i 2018 kommandør av St.Olavs orden. Ho har i tillegg utvikla fleire framsyningar/konsertar med prosa og lyrikktekstar i samarbeid med ulike musikarar. Desse har vore spelt på fleire stader i landet og på Nationaltheateret.

Sinikka Langeland har ei imponerande merittliste med bl.a 16 soloutgivnader, 5 av dei på ECM, fleire tingingsverk med store jazzmusikere. Sinikkas hovudinstrument er kantele og song. Hennar kunstneriske uttrykk er utruleg variert og inderleg med stor spennvidde  noko som gir Fosses dikt ei vakker ramme.

Sidan 1986 har Fosse gitt ut ei rad diktsamlingar, blant andre Engel med vatn i augeneAuge i vind og Songar og stein til stein. I lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølger og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid går i kvarandre, og grensene mellom liv og død er gjerne viska ut. På spørsmål om korleis ein skal lese dikta, har Fosse sagt: «Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, eller så gjer ein det ikkje.»

Sceneteppet til framsyninga er broderiet «Fallet» av Åse Ljones.

Foto: Oddleiv Apneseth