Pernilleprisen

Søndag 21. januar er det duka for eit spennande prisshow, hos Carte Blanche på Studio Bergen kl 19:00. BTs publikumspris: Stem på din favoritt på bt.no! Kvart teater har nominert ein kandidat. DVT sin kandidat er vår dyktige og allsidige skodespelar Reidun Melvær Berge. Stem på ho! NB: Arr. er no utseld!
  1. Spelar
  2. Scene Studio Bergen
  3. Varigheit Ca 1 time og 30 min.

Saman med Bergen Teaterforening og Bergens Tidende, går byens teaterhus saman om å løfte fram høgdepunkta frå 2023.  

Pernilleprisen er eit samarbeid mellom Bergen Teaterforening, Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teateret, Fyllingsdalen Teater, Ole Bull Huset, Carte Blanche, BIT Teatergarasjen, Cornerteateret og Bergens Tidende. 

Årets konferansier er Shlomi Ruimi, betre kjent som Mimi Devine

Det blir innslag frå alle teaterhusa og friske påfunn frå Mimi Devine!

Prisane som skal delast ut er:

Pernillestatuetten: Vert delt ut av Bergen Teaterforening til ein scenekunstnar for ein stor prestasjon eller lang kunstnerisk innsats.

Rampeløkten: Vert delt ut av Bergen Teaterforening for årets mest spennande og nyskapande teaterprosjekt eller for aktivt arbeid innanfor teatermiljøet.

BTs kritikerpris: Bergens Tidendes ekspertjury kårar årets beste forestilling! DVT er nominert med “God dag herr Jul”!

BTs publikumspris: Stem på din favoritt på bt.no! . Kvart teater har nominert ein kandidat. DVT sin kandidat er skodespelar Reidun Melvær Berge. 
Stem på ho!

Foto: Michaela Vyskočil Gettwert