
Peer Gynt




Peer Gynt er det mest kjente norske teaterstykket gjennom tidene, og vert framleis spela over heile verda. I vår versjon nyttar vi Jon Fosses gjendikting til nynorsk og med eit lite håndplukka ensemble freistar vi fortelje denne klassiske soga på eit relevant og notidig vis som gjev meining i dag.
Historia om storløgnaren Peer Gynt, har vore med på å forme nordmenns oppfatning av seg sjølve og det typisk norske i generasjonar. I spennet mellom gjenomføringskraft og sneversyn, utferdstrang og draumen om ein heim, handlar Peer Gynt om å vera seg sjølv, i motsetjing til å vera seg sjølv nok. Det siste er egoistisk og sjølvsentrert, eigennyttig og sjølvforherligande – men det første; å vera seg sjølv – det er å finne ein samanheng der du kan utvikle deg til det beste du kan bli. Noko som er større enn deg sjølv.
Peer Gynt
Av Henrik Ibsen
Til nynorsk av Jon Fosse.
Regi: Bjarte Hjelmeland
Med: Lars Berge, Reidun Melvær Berge, Per Frisch, Hermine Svortevik Oen, Claus Sellevoll, Marit Østbye.
Kostymedesign: T-Michael
Lysdesign: Silje Grimstad
Koreografi: Piero Issa
Lyddesign: Kato Ådland.
NB: Lydbilete famnar om folkemusikk, klassisk og moderne popmusikk.
Men det er særs lite Grieg i vår Peer Gynt utgåve. “Solveigs song” vert sunge av Hermine Svortevik Oen.
Speleperiode: 8. september – 8. oktober
(Både kveldsframsyningar og framsyningar på dagtid for Den kulturelle skulesekken i Vestland fylke og i Bergen kommune. )
Foto: Magnus Skrede