
Mordet på Michelsen
Earlybird pris
Kjøp billett frå 27. mars til 28. april – og få spesialpris til 290 kr!
Bruk kampanjekode KRIM ved billettkjøp.
(Ordinær fullpris er 390 kr. Prisen inkluderer ikkje omvising på Gamlehaugen)
Bli med på ein kruttsterk kriminal-komedie, med dramatisk Noregshistorie som bakteppe.
I 2005 skreiv Gunnar Staalesen kultboka Mordet På Michelsen, som blei gitt ut i eit eksklusivt opplag.Boka er cirka 4 x 5 cm stor, ei såkalla miniatyrbok. Innhaldet er typisk Staalesen: Klassisk krim, med innslag av historie frå Bergen.
Forteljinga inneheld like delar sanning som dikting. Det er sant at Christian Michelsen befant seg på Gamlehaugen i dagane rundt folkeavstemminga om unionsoppløysinga, og at han var pådrivar for lausriving. Det stemmer at dette var ei utruleg dramatisk tid i historia vår, og at faren for krig var overhengande.
Staalesen har stilt seg spørsmålet: Er det ikkje sannsynleg at nokon planla eit attentat på Michelsen i desse dagane? Det ville jo ha kunne endra heile historia vår om han blei tatt av dage. Det er med det utgangspunktet vi fortel historia om dei dramatiske dagane i 1905.
I år er det 100 år sidan Christian Michelsen døydde. Vi markerar óg 120-års jubileet for lausrivinga frå Sverige. Det Vestnorske Teateret er stolte over å vere ein del av markeringa på Gamlehaugen denne sommaren!
Foto: Kom på Gamlehaugen i sommar og få ei oppleving utanom det vanlege. (Fotograf: Øivind Møller Bakken/De kongelige samlinger)
Kombinere teaterframsyninga med omvising inne på Gamlehaugen?
Gamlehaugen tilbyr omvising i forkant av dei tidlegaste framsyningane. Desse billettane legg Gamlehaugen ut for sal på Statsbygg sine nettsider frå og med 28. april. NB: Få plassar per omvising.
Året er 1905
Politiet i Bergen mottar eit telegram der det står at landets statsminister, Christian Michelsen, svever i livsfare. Ein hemmeleg agent skal befinne seg på Gamlehaugen, med mål om å ta livet av Michelsen.
Motiv: Å stoppe Noreg sin lausriving frå Sverige.
Politibetjent Moland tar på seg oppgåva med å avsløre agenten, og redde statsministeren.
Sjå teaser video av Mordet på Michelsen på Gamlehaugen. (Film: Motstroem)
To skodespelarar spelar 10 roller, i ei leiken og underhaldande framsyning
Ein liten touch av Poirot, ei klype Varg Veum, to teskeier historietime - og store mengder blott til lyst – på slottet i Bergen, Gamlehaugen.
Kunstnarleg lag
Dramatisering og regi: Thomas Bye
Skodespelarar: Anders Vårdal Gjerde og Sigmund Njøs Hovind
Vert arrangert i samarbeid med Statsbygg.
Foto: Skodespelar Anders Vårdal Gjerde (Fotograf: Motstroem)
Foto: Skodespelar Sigmund Njøs Hovind. (Fotograf: Motstroem)
Gamlehaugen
- Ein unik moglegheit til å komme på innsida av Kongen sin residens i Bergen
- I historiske omgivnader
- På staden der romanen finn stad.
Foto: Her inne i Hallen på Gamlehaugen vil vi spela Mordet på Michelsen i sommar. (Fotograf: Øivind Møller Bakken/De kongelige samlinger)
Christian Michelsen var Noregs første statsminister etter unionsoppløysinga i 1905. Han var òg skipsreiar og politisk leiar.
Michelsen var Norges statsminister frå 11. mars 1905 til 23. oktober 1907.
Billettar
Utseld
Utseld
Utseld
Utseld
Utseld