Mor og barn
Ein ung mann oppsøker mor si, som har flytta frå Vestlandet til Oslo. Ho pratar som ein foss, om feminisme og sjølvrealisering. Han er ordknapp.
For kva seier ein til kvarandre når ein er mor og barn, men ikkje kjenner kvarandre?
Kvifor reiste ho frå han?
Mor og barn handlar om noko vi alle kjenner oss att i; forholdet mellom foreldre og barn. Om alt vi ikkje seier til kvarandre, og om korleis det ein seier kan forandre alt.
I oppsettinga vår sit publikum som «fluge på veggen» inne i leilegheita til mora, heilt tett på det som skjer.
Velkomen til ei nær og intens oppleving.
Av Jon Fosse
Regi: Ingrid Askvik
Med: Ragnhild Gudbrandsen og Anders Vårdal Gjerde
Foto: Motstroem
Billettar
Utseld
Utseld
Utseld
Utseld
Utseld