
Min middag med André
Louis Malle sin film «My dinner with Andrè» frå 1981, av og med Andre Gregory og Wallace Shawn, er å rekne som ein kultklassikar i filmhistoria. Den ytre handlinga er alt anna enn komplisert; to gamle venner og kollegaer frå teatret, møtast på ein restaurant og et ein betre middag. Likevel tek filmen oss med på ei fantastiske og kompleks reise, utelukkende gjennom samtalen dei to førar, medan dei sit til bords.
Samtalen er forankra i deira felles kjærleik til teatret, deira tvil om kva arbeidet deira eigentleg hadde for meining og gjennomslag i samfunnet og ikkje minst deira refleksjon om korleis vi lever liva våre. Ser vi eigentleg kvarandre?
Er vi til stades og tør vi gå i djubden? Tør vi å virkelig møte eit anna menneske, som oss sjølv, utan å spele ei rolle?
I år er det førti år siden denne filmen vart laga. Likevel kjennes denne samtalen forfriskande og relevant i 2021. Den siste tida har kontakten mellom oss, både kunstnarlege og medmenneskeleg, blitt satt på vent. Mange har kjent på isolasjon og einsemd. Mange har spurt seg sjølv kva deira bidrag skal utgjere i ei pandemiramma verd. Også vi har spurt oss sjølve: Kva plass har teateret eigentleg når prioriteringane blir beinharde i eit smittvernsregime?
For Det Vestnorske Teateret sitt vedkommande har det vore viktig å leite etter den plassen. Og nett no trur vi den finst i baren på ærverdige Grand Hotel Terminus. Her vil vi sette dramatikaren Wally og regissøren André i stevne for den store samtala om livet og kunsten. Og vi vil invitere deg med til bords og håpar framsyninga kan stimulere til fleire samtaler. Vi trur dei trengs i desse tider.
Vil du ta del i måltidet, kan du kjøpe drikke og suppe før og under framsyninga.
Bli med til bords på ærverdige Terminus, der du kan oppleve ein av filmverdas mest ikoniske samtalar.
Manus: Wallace Shawn, André Gregory
Omsett av Ola E. Bø
Regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Med: Morten Espeland, Huy Le Vo, Reidun Melvær Berge og Helge Lilletvedt (piano).
Lyd: Cem Arapkirlioglu
Lys: Jon Eirik Sira
Teaterforlag: Nordiska ApS
Bilete
Foto: Ane BysheimTeatermeldingar
"Framifrå scenekunst"
Dag og tid, ved Jan H. Landro