Min Kenneth

Teaterkonsert om Kenneth Sivertsen. Med Sigurd Sele og band. Av Aslak Moe og Sigurd Sele. Tusen takk for gode tilbakemeldingar og for alle som kom! Speleperioden er no avslutta.
  1. Spelar
  2. Scene Logen
  3. Varigheit ca 1 time og 20 min.

«Kenneth Sivertsen er det største som har skjedd på Bømlo sidan Olav Trygvasson kristna oss!» seier Sigurd Sele i framsyninga «Min Kenneth».

Sigurd møter sin sagnomsuste sambygding som gitarspelande unggut. Han lærer komponisten og musikaren å kjenne som dedikert fan og coverartist.

Men før Sigurd rekk å bli vaksen nok til å bli ein kollega og kanskje til og med ein ven, glir Kenneth vekk i sjukdom og rus - heilt til han går bort julaftan 2006. Då byrjar ei reise for Sigurd. Han vil bli verkeleg kjend med Kenneth. Han vil få grep om fenomenet som prega og inspirerte oppveksten og hans veg til musikken. Han vil forstå verda og løyndomane hans. Han leitar i den musikalske arven Sivertsen etterlot. Han leitar i dei mange forteljingane frå dei som kjente han. Det skal vise seg å ikkje berre bli ei reise i Kenneth sitt sinn, men også i Sigurd sitt eige.

Bli med på Sigurds kjærleiksfulle oppgjer med den musikalske storebroren han aldri fekk - gjennom song og musikk, gravalvor og galgenhumor.

 

Kunstnarleg lag: 

Med Sigurd Sele og band
Musikarar:
Harald Dahlstrøm (tangentar) Thomas Valeur (gitar), Sondre Veland (trommer),  Ole Marius Sandberg (bass, m.m)
Av Aslak Moe og Sigurd Sele
Regi: Aslak Moe
Lysdesign: Silje Grimstad 
Scenografisk konsulent: Olav Myrtvedt
Koreografisk konsulent: Hilde Sol Erdal

Plakat –  Tresnitt av Per Louar. Design: Heidi Fjell. 
Promofilm: Andreas Roksvåg. 

Takk til Bremnes Seashore for støtte i tidleg fase av produksjonen. 


Program/ musikalske nummer :​

Håp (Kenneth Sivertsen)
Min Båt (Kenneth Sivertsen)
Lyrespel (Håvamål / Kjell Habbestad. Musikk fra «Kristkongane på Moster»)
Spring For Livet (Kenneth Sivertsen)
Regn (Kenneth Sivertsen)
Kjærlighetsvalsen (Kenneth Sivertsen)
På Sjeivå (Kenneth Sivertsen)
Etterklangen (Aslaug Vaa / Kenneth Sivertsen)
Tankane og Tida (Birger Røyksund / Kenneth Sivertsen)
From Paris To Mosterhamn (Kenneth Sivertsen)
Hold The Line (David Paich)
Africa (Jeff Porcaro / David Paich)
Roseanna (David Paich)
Kjekt å ha (Øystein Sunde)
En natt forbi (Jan Eggum)
Barn av regnbuen (Lillebjørn Nilsen / Pete Seeger)
Aldri i livet (Finn Kalvik)
Ti tusen tommeltotta (Halvdan Sivertsen)
Mi Haugtussa (Kenneth Sivertsen)
Tony’s Rain (Kenneth Sivertsen)
Seashell (Aslaug Vaa / Mike McGurk / Kenneth Sivertsen)
Den Lilla Kvelven (Jon Fosse / Kenneth Sivertsen)
For seint (Kenneth Sivertsen)
Sacred Maria (Kenneth Sivertsen)
Superstar (Tim Rice / Andrew Lloyd Webber)
Navnet Jesus blekner aldri (tradisjonsmelodi fra David Zelander / Zululand)
Gone Babe (Kenneth Sivertsen)
Riff (Kenneth Sivertsen)
O Jesus du som fyller alt i alle (Aage Samuelsen)
Draumespor (Solfrid Sivertsen / Kenneth Sivertsen)
Dar kjem dampen (Ragnvald Hammer / Ivar Medaas)
Voggesong (Kenneth Sivertsen)
Fylgja deg (Åke Grandell / Kenneth Sivertsen)

 

 

Bilete

Foto: Thor Brødreskift

Teatermeldingar

Meldingar etter urpremieren 27. november 2021