Løgn varar lengst

Det byrjar med eit samlivsbrot.  Aslak flyttar frå ei lita dotter for å leve ei annan stad, med ei anna kvinne. Så kjem det eit brev frå ein advokat
  1. Spelar
  2. Scene Skifte (tidlegare Logen Bar)
  3. Varigheit 1 time og 35 min. (utan pause)

Om framsyninga: 

Aslak Moe er ein instruktør som har spesialisert seg i framsyningar som nyttar røyndommen som råstoff. Bak seg har han fleire produksjonar som formidla særs personlege møter mellom mennesket på scena og oss som sit i salen.

Frå si eiga erfaring med delt foreldreskap, eit møte med  «foreningen 2 foreldre» og ein massiv research i norske foreldretvister, står no Aslak der med forteljingar om tilsidesatte foreldre - og splitta familier sitt møte med det norske rettsapparatet, politiet og påtalemakta - ei verd der det kan virke som om løgn varar lengst.

Med «Løgn varar lengst» tek Aslak sitt røyndomsprosjekt endå vidare med ei historie som har grepe så sterkt tak i han at han vil formidle den sjølv.

Regissør Aslak Moe har også stått bak  «0+0=4» i 2013, ei dokumentarframsyning som omhandla norske justismord. Han hadde også regi på den sterke og personlege monologframsyninga "Fire begravelser og ett bryllup" med Morten Joachim. I Bergen var han hausten 2020 aktuell ved Den Nationale Scene med framsyninga «Røyk over Isdalen». 

«Løgn varar lengst» hadde førpremiere på Teaterfestivalen i Fjaler 13. september 2020.

Av og med: Aslak Moe. Dramaturg: Solrun Toft Iversen. Ein samproduksjon mellom Aslak Moe og Det Vestnorske Teateret.

Research til framsyninga er gjort i samarbeid med Riksteatret.

Foto: Det Vestnorske Teateret

Kulturprogrammet i Skifte er støtta av Bergen kommune si nynorsksatsing.

 

 

 

Les intervju med Aslak på mannsforum.no  

Bilete

Foto: David Zadig

Teatermeldingar