Ljodahått
Ljodahått er eit bandprosjekt starta av den norske skodespelaren Magne Håvard Brekke, og repertoaret er henta frå det gamle og det moderne (frå Edda til Henrik Ibsen og Tarjei Vesaas). Han har samla nokon av dei beste artistane han har møtt på sine reiser i Europa; skodespelarar, musikarar og komponistar. Saman set dei musikk til desse dikta, og framfører dei på originalspråket, både bokmål og nynorsk. Med denne fusjonen skaper dei ein heilt eigenarta og heftig sjanger.
"Den sensasjonelle, internasjonalt samansette gruppa Ljodahått trollbandt dei frammøtte med tekstar frå norsk lyrikk tilført eit rytmisk fyrverkeri i Tom Waits-stil,” skreiv Dagbladets Fredrik Wandrup etter å ha sett og høyrt det norsk-fransk-tyske bandet på Kapittelfestivalen i Stavanger.
Les intervju med Magne Håvard Brekke i Ballade
Etter konserten kan vi tilby deg gratis ettersamtale med Magne Håvard Brekke og Knut Ove Arntzen : “Oslo-Berlin-Paris-Bergen” i Skifte (kulturbaren i 3 høgda) kl: 20.45 – 22.00
Denne kvelden står Magne Håvard Brekke på Hovudscenen på Det Vestnorske Teateret og syng ur-norsk poesi. Men for 39 år sidan reiste han gjennom berlinmuren for å gå på teaterskule i Aust-Berlin. Rett etter det blei han med på den revolusjonerande perioden som var Frank Castorf si sjefstid på teateret Volksbühne i Berlin. Dit reiste progressive teaterfolk frå heile Vesten, deriblant teatervitenskapens grand old man og BIT Teatergarasjens fødselshjelpar Knut Ove Arntzen. Velkommen til ei samtale om teater, Berlin, Paris og Bergen, med to livs levande legender, leia av dramaturg Aslak Moe.