Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik

Speleperioden hos oss på Det Vestnorske i Bergen er no ferdig. Vi takkar publikum som kom for god respons! Det blir turné med Teater Ibsen til hausten.
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen, Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit ca 1 time og 20 min.

Om framsyninga: 

Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik og Herborg Kråkevik har ei høna plukka med dei fleste, og i alle fall det meste, og ut på den galeien er ikkje Linda tung å be heller. Og slik går fort ein time og tjue minuttar!

For der forfedrene våre tok den tunge men forfriskande samtalen mens dei sat i fred og ribba høner for fjær, tek Kråkevik og Eide samtalen for open scene. Og uansett om den eine er antik og den andre er retro; ein ting er dei lynande einige om: Fornuften har fordufta! - Og tok med seg den befriande galskapen i same slengen. Men i kveld er begge deler tilbake, også takka vera framsyningas musikalske stålfundament, trekkspelvirtuos og romsdaling, Heine Bugge. 

Velkomen til samtale, songar, karakterar, forteljingar, foredrag, og ein god slump Herborg, Linda og Heine.

 

 

 

 

 

Kunstnarleg lag

Av Linda Eide og Herborg Kråkevik.

Regi Arvid Ones
Med Linda Eide, Herborg Kråkevik og Heine Bugge
Scenografi: Lise Christensen 
Lys- og videodesign: Einar Bjarkø
Koreografi konsulent: Hilde Sol Erdal
Lyd: Cem Arapkirlioglu

 

Samproduksjon med Teater Ibsen

Urpremiere på Det Vestnorske Teateret i Bergen 22. april.
Speleperiode på Teater Ibsen hausten 2022.

 

Plakatfoto Silje Holter. Design: Ims produksjonener

Video: Andreas Roksvåg
Foto frå framsyninga: Thor Brødreskift. 

Takk til Stormark Konfeksjonsfabrikk AS for drilluniform!

Bilete

Foto: Thor Brødreskift