Hit eit steg
«Hit eit steg» er ei musikalsk framsyning om det å vente, glede, grue og undre.
BT ga 5 av 6 etter premieren og sa "En liten forestilling som fortjener et stort publikum". .. "Energisk og varm"
Barn i Byen skriv: «Hit eit steg» er en fengende og morsom forestilling for både barn og voksne".
Vi får bli kjent med Kaia som er på veg til skulen, for aller, aller fyrste gong. Ho har venta så frykteleg lenge og endeleg er dagen her. Alt er pakka og klart, det har ho sjekka minst ti tusen gonger. Kaia trippar både hit og dit langs skulevegen sin og møter både Måse-Mons, Måse-Mor og Vevekjerringa. Og når tankane om skulen vert for store er det godt å kunne ta ein ferd ned til den underlege verda langt nedpå havbotnen, kor Flyndre-Fanten og sjølvaste Krabbe-Krølle bur.
Kva betyr det eigentleg å begynne på skulen? Kva er det ein skal lære der inne? Kanskje ein skal lære å fly? Eller må ein berre sitte der inne og vere stille heilt til ein vert vaksen? Bli med på Kaias ferd, skal tru om ho kjem seg til skulen.
Framsyninga er utvikla av Lina Taule Fjørtoft i samarbeid med regissør Ingrid Askvik og musikar Toivo Fjose. «Hit eit steg» er basert på Ingebrigt Daviks fargerike univers.
Film:
Om Ingebrigt Davik
Ingebrigt Davik kom frå den vesle øya Fjørtofta på Sunnmøre og var ein kjent og kjær diktar, formidlar og visesongar. Davik var ein av dei fyrste nynorske formidlarane i NRK som formidla til barn og unge. Han var godt kjent frå både Barnetimen for dei minste på radio og frå ulike program i Barne-TV. Davik var inspirert av barndomen på Fjørtofta i mykje av diktinga si og vart gjennom sitt arbeid ein viktig representant for kystbarna med sine historier om det underlege livet i fjøresteinane.
Gjennom «Hit eit steg» vever vi no saman eit knippe utvalte viser og tekster. Opplev Daviks univers og Kaias underlege skuleveg til både dei som gler og gruer seg, dei som snart skal begynne på skulen, dei som nett har tatt sine fyrste skulesteg og dei som minnast dagen som om den var i går.
Kunstnarleg lag
Regi og dramaturgi: Ingrid Askvik
Manus: Lina Taule Fjørtoft
Skodespelar: Lina Taule Fjørtoft
Musiker og arrangør: Toivo Fjose
Produsent: Lina Taule Fjørtoft
Foto og film: Thomas B. Brandt
Passar frå 4 år og oppover.
Varigheit: ca.45 minuttar
Produksjonen er utvikla i samarbeid med Det Vestnorske Teateret, og støtta av Kulturrådet Norsk kulturfond og Norsk skodespelarforbund.
Produsert etter ein avtale med: Songbird Agency / Teaterforlaget Songbird AS www.songbirdteater.com
Turneen er støtta av Folkekademiet Hordaland.
Bilete
Foto: Michaela GettwertTeatermeldingar
PresseklippEn leken og musikalsk teaterstund
Barn i Byen