
Heimatt
For fem år sidan sparka Det Vestnorske Teateret i gong “HEIM” og starta tidsreisa gjennom Vestlandet frå 1965 til 2005. Det vart ein stor suksess og mange fann vegen til teatersalen og delte felles minne gjennom dei fire kapitla. Vi har vore på Frekhaug, Kleppestø, i Tyssedal, på Mongstad og på Stord, berre for å nemne nokre stadar. Vi har høyrt historier om utferdslengt og heimenostalgi. Om røter i heimbygda og om verda der ute som kom nærare og nærare. Vi har minnast forlis og plattformvelt, møtt karakterar som kjempar for si bygd i møte med industrialisering, utbygging og forureining. Vi har og drukke bobler med jappane, kost oss med kjøpesenteropning og snoreklipping for nye vegar og bruer.
Og ikkje minst har vi sunge med på songane som fulgte liva våre gjennom desse åra.
Ver velkommen til høgdepunkt frå krønika vår!
Av: Marie Amdam, Ingrid Jørgensen Dragland, Marit Eikemo, Frode Grytten, Bjarte Hjelmeland, Ragnar Hovland, Solrun Toft Iversen, Ruth Lillegraven, Sigrid Moldestad, Gunnar Staalesen, Bjørn Sortland, Finn Tokvam, Selma Lønning Aarø
Regi: Solrun Toft Iversen og Hilde Sol Erdal.
Lys- og videodesign: Silje Grimstad og Jon Eirik Sira.
Scenografi, kostyme og rekvisittar: Lise Christensen.
Med: Sigrid Moldestad, Claus Sellevoll, Anne Wiig, Jonas Fuglevik Urstad og Voksne Herrers Orkester.
Takk til Sparebanken Vest som bidreg med midlar til produksjonen!
Info: Det vert nytta urtesigarettar i enkelte scenar.
Vil du spise på Wesselstuen før framsyninga?
Kjøp 2-retters middag for kr. 525 saman med teaterbillettane. Reserver først teaterbillett(ane) og legg i handlevogna, før du vel meny og til slutt betalar for teaterbillett(ar) og mat.
Teaterbillett må du framvise på teateret og «matbillett» på Wesselstuen.
Bord er reservert 2 timar før teaterframsyninga startar.
Foto: Thor Brødreskift. Fotomontasje: Heidi Fjell