Heim med Joni

Suksessen frå Vossa Jazz – endeleg i Bergen!
  1. Spelar 23. april kl. 19
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit

Den legendariske artisten kjem heim att!

I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I konsertframsyninga Heim med Joni blir Joni Mitchell med oss heim att, både tekstleg og musikalsk. Dei kanadiske landskapa er bytta ut med Vestlandet, og saksofonen med hardingfela.

Joni Mitchell har laga mange store hits i si nær 50 år lange karriere som plateartist. Musikken hennar overskrid sjanger og hevar seg over merkelappar som pop, rock og visesong. Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland m.fl har gjendikta nokre av hennar finaste songar, og i denne konsertframsyninga får du høyra Joni Mitchell i nynorsk språkdrakt. Du får også høyra historia om hennar norske røter, eventyrlege karriere og dramatiske liv.

Mitchell, som har inspirert artistar verda over, kjem til å bli ståande som ei av dei store i moderne populærmusikk. Ho er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, og musikkmagasinet Rolling Stone kallar Mitchell ein av dei største låtskrivarane nokonsinne.

Konsertframsyninga Heim med Joni såg dagens lys under Vossa Jazz 2022. Den er blitt svært godt motteken av publikum, og har sidan spelt for utselde hus.

 

Medverkande:

 

Heine Bugge – kapellmeister, trekkspel, vokal

Sigbjørn Apeland – tangentar, vokal

Halvor Folgerø – bass, vokal

Annlaug Børsheim – gitar, fele, vokal

Kåre Opheim – perkusjon, vokal

Sjur Folgerø – gitar

Åse Britt Reme Jakobsen – vokal

Kjersti Mjør – forteljar

 

Foto: Runhild Heggem/Vossajazz.

 

Billettar

  1. Utseld