
Gubben og katten får julebesøk
Gubben og katten hans Findus gler seg storleg til jul. Det er vesle juleaftan og dei to venene skal førebu alt slik det alltid plar vere. Findus kan nesten ikkje vente med å få eit fint juletre i hus. Men så skjer det verste som tenkast kan. Når dei skal hogge det fine vesle juletreet dei har sett seg ut for fleire veker sidan, dett Gubben og får grueleg vondt i foten. Kva skjer med jula no når Gubben ikkje kan bevege seg og Findus er for liten til å ordne alt åleine? Korleis skal dei no få handla julemat på butikken? Kva med julevasken? Og kva med juletre? Det ser mørkt ut for Findus og Gubben Pettersen på julaftan. Men kanskje julestemninga og hjelpa er nærmare enn dei trur?
Gubben og katten får julebesøk er ei fin forteljing om vennskap og gleda ved å passe på kvarandre. Den minner oss på at omsorg for kvarandre og iderikdom kan gjere heile skilnaden, sjølv når ting er vanskeleg.
Sven Nordqvist sin bokserie om «Gubben og katten» er kjent og kjær for mange. I dei seinare åra er det også lagd fleire filmar basert på bøkene.
Anbefalt alder frå 3 år.
Stykket er basert på Sven Nordqvist si bok «Gubben og katten får julebesøk».
Det Vestnorske Teateret sin versjon er vidareutvikla av skodespelarane Lykke Kristine Moen og Oda Alisøy, som også spelar i framsyninga. Denne framsyninga hadde premiere i 2019 og vart raskt utseld.
Bergens Tidende ga 5 på terningen og sa: «Smellfin liten forestilling»
Også i 2020 har det, sjølv med redusert kapasitet, vert stor interesse blant publikum og utselde framsyningar.