
Festspillene i Bergen
Program på Det Vestnorske Teateret:
Pinocchio
Eit magisk eventyr om å finne seg sjølv.
På Hovudscenen: Frå fre. 24. mai – søn. 26. mai (5 framsyningar).
Blant kviskrande tre og dansande lysstrålar møter vi tredukka Pinocchio, som drøymer om å bli eit ekte menneske med eigen, fri vilje. På vegen møter han mange som vil han vondt, og mange som vil han godt. Klarer Pinocchio å gjere dei rette vala, når han treff på utfordringar? Og kva om det å vere menneske ikkje er svaret?
I denne musikalske familieframsyninga får eventyret om Pinocchio eit nytt liv.
Saman med skodespelarane bringer store og små dokker karakterane til live i ei verda der magi, natur og menneskelegdom møter kvarandre. Denne utgåva av Pinocchio går tilbake til dei originale forteljingane av Carlo Collodi, og får urpremiere under Festspillene.
I eit landskap av visuell poesi og fortryllande musikk blir heile familien invitert med på ei framsyning om tilhøyrsel, forvandling og det mektige i å finne seg sjølv. Framsyninga er ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Oslo Nye Teater, som er kjent for sterke, vakre framsyningar som appellerer på tvers av generasjonar. Anne Lilia Berge Strand, kanskje betre kjent som den prislønte popartisten Annie, står bak den nyskrivne musikken.
Les meir og kjøp billett: Pinocchio
Amalie Stalheim m/unge strykere
Bru mellom nytt og gammalt. På Scene 2: Laurdag 24. mai kl. 17:00
Ny musikk av unge komponistar blir framført av unge artistar i ein konsert kor to mentorprogram i Festspillakademiet i Bergen (FAB) møtest og inspirerer kvarandre.
Tre komponistar skal skrive nye verk, og musikertrioen skal i tillegg til urframføringane arbeide med og framføre verk frå dei siste hundre åra. Her blir det bygd bruer mellom ulike musikalske tidsepokar, heilt fram til de nyskrivne verka.
Les meir og kjøp billett Amalie Stalheim
Inga Margrete Aas
Portrett av komponist og kontrabassist. På Scene 2: Søndag 25. mai kl. 17:00
Inga Margrete Aas er komponist, improvisatør og kontrabassist i feltet for eksperimentell musikk og samtidsmusikk.
Som komponist jobbar ho i skjeringspunktet mellom klangorientert, akustisk musikk og eksperimentelt musikkteater med filosofiske undertonar. Som musikar er ho ein del av improduoen Vilde&Inga og kammerorkesteret Ensemble Allegria, som også har ein konsert under årets festspill.
På denne konserten kan du oppleve alle desse sidene av kunstnarskapen hennar. På programmet står både improvisasjon på kontrabass, utdrag frå Bachs fiolinsonate, og to av Aas’ eigne verk: Renters rente – eit radioresitativ og ei urframføring bestilt til Premiere, Festspillene sitt program for unge komponistar.
Les meir og kjøp billett: Inga Margrete Aas
B. Dybwad Brochmanns forsvarstale
På Scene 2: Mandag 26. mai kl. 17:30 og 20:00
Ein politikar på tiltalebenken. Året er 1947, og Bertram Dybwad Brochmann er tiltalt for landssvik. Saka står i Voss heradsrett, og Brochmann må forklare seg framfor domstolen.
Basert på stenografiske referat, rettsdokument, Brochmanns eigne tekstar og talar framfører skodespelar Kyrre Eikås Ottersen ein monolog av Torkil Sandsund som tar oss tilbake til store dilemma i mellomkrigstida og under 2. verdskrigen. Brochmann sat på Stortinget frå 1933–1936 og var ein kjent og aktiv politikar frå Bergen i mellomkrigstida. Han advarte sterkt mot nazismen i oppbygninga til 2. verdenskrigen, men under okkupasjonen kom Brochmann med fleire utsegn som blei oppfatta som tyskvennlege. B. Dybwad Brochmanns forsvarstale er laga av Fjaler Turnéteater, eit teater som er etablert for å produsere og presentere ny scenekunst i bygder og grendehus, like mykje som i byar.
– Eg vil fortelje denne historia no, sidan ho reflekterer pasifistens dilemma i opptrapping til krig, og fordi det er så mange paralleller mellom tida vår og tida før andre verdskrigen, til dømes samanhengen mellom økonomi og krig. Denne mannen var i si tid ei viktig stemme frå Bergen, men historia gløymde han etter landsvikdommen, fortel regissør Torkil Sandsund, som er primus motor i Fjaler Turnéteater.
Les meir og kjøp billett: B. Dybwad Brochmanns forsvarstale
Cumulus Quintet
Måsesong for blåsekvintett. På Scene 2: Tysdag 27. mai kl. 18:00
Cumulus Quintet blei danna i København i 2022 ut ifrå ein felles musikalsk lidenskap og eit nært vennskap på og utanfor scenen. Trass i at dei fem musikarane no er busette i fire ulike land, samlar dei seg jamleg for å utvikle repertoaret og det musikalske uttrykket sitt.
I 2023 vann kvintetten Nordic Wind Competition. Medlemmane er aktive i ulike europeiske orkester, og har ei rekke prisar i internasjonale konkurranser og store legat i ryggen. Her framfører kvintetten verk av Ligeti, Nielsen og Peder Barratt-Due, sist nemnde er inspirert av bergenske måsar.
Les meir og kjøp billett: Cumulus Quintet
Foto: Sveinung Hoel Bjorå
Skurkeklubben
Pøbel- og genistreker med Vestnorsk Jazzensemble.
På Hovudscenen: Tysdag 27. mai kl. 20:00
Musikkollektivet Skurkeklubbens tidlegare prosjekt inkluderer ein stor abbor som røyker «Tidevands»-sigarettar, musikk med gravemaskinar og fiskarar i lift som spelar synth.
Medlemmane er alle einarar på felta sine, med ein idérikdom utanom det vanlege: Bjørn Torske, Jørgen Træen, John Hegre og David Aasheim. De særs teknisk kompetente bråkmakarane inviterer inn til bestillingsverket Nye sko!. Musikken, planlagd av Skurkeklubben, blir framført av noen av dei fremste improvisasjonsmusikarane i landet. Åtte solistar frå Vestnorsk Jazzensemble spela i kvart sitt rom på ein stor toetasjes scene.
Skurkeklubben står bak mikse- og instrumentbordet, og styrer kven som skal høyrast og kven som skal sest.
Les meir og kjøp billett: Skurkeklubben Nye sko!
Foto: David Aasheim / KI-foto.
BrassUnit
Brasskvintett med helnordisk program og hardingfele.
På Scene 2: Onsdag 27. mai kl. 18:00
BrassUnit blei stifta i 2020 etter at medlemmane møtte kvarande på eit kurs i Vänersborg. I dag er BrassUnit ein veletablert brasskvintett som gjer konsertar på kammermusikkscenar over heile Norden. Nordic Wind Competition-vinnarane har ein sterk ambisjon om å utvikle sjangeren, og har allereie urframført fleire nye verk. Programmet for denne konserten kjem frå det nordiske repertoaret. BrassUnit urfremfører eit nytt verk av Anne Hytta, saman med komponisten sjølv på hardingfele, i tillegg til musikk av svenske Anders Hillborg og danskane Mogens Andresen og Axel Jørgensen.
Les meir og kjøp billett: BrassUnit
Foto: Sveinung Hoel Bjorå
Tuvas blodklubb
Bygdefesten er tilbake!
På Hovudscenen: Onsdag 28. mai frå kl. 21:00
«Eg trudde aldri folkemusikken kunne bli kul. Og eg er så glad for å ha bomma», skreiv BTs meldar etter fjorårets bergensdebut av Tuvas Blodklubb.
Klubbkonseptet til Tuva Syvertsen, hardingfelespelar, frontfigur i Valkyrien Allstars og vertinne for blodklubben, er sentral i folkemusikkbølga som sveiper over landet. Kveldane på Riksscenen for folkemusikk i Oslo går for fulle hus kvar månad, og dei unge på dansegolvet kastar seg ut i runddans, springar, gangar og halling. Ulike spelemenn serverer musikk utover natta, og ein kan kvede ei vise eller tralle ein slått under folkemusikkaraoken. Den reinspikka folkemusikalske nattklubben kjem tilbake denne mainatta i Bergen, denne gongen til Det Vestnorske Teateret, som sjølv har halde bølga ved like det siste året, gjennom sin eigen avleggar Klubb Komle. Ulike spelemenn serverer musikk utover natta, og ein kan kvede ei vise eller tralle ein slått under folkemusikkaraoken.
Les meir og kjøp billett: Tuvas Blodklubb
Foto: Frå Tuvas blodklubb på Festspillene i 2024 (foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)
A beautiful ending
Eit humørfylt og tragisk vitnesbyrd om å miste mor si.
På Scene 2: Søndag 1. juni kl. 19:00
Mora til den fransk-marokkanske forfattaren og regissøren Mohamed El Khatib døyr plutseleg 20. februar 2012. Hendinga blir utgangspunktet for A beautiful ending (Finir en beauté).
I framsyninga, som er basert på mora siste leveår, blir arven etter dei som har forlate oss utforska. Aleine på scenen med ei notatbok i handa fortel El Khatib mora si historie. På ein svart skjerm viser han utdrag fra eit intervju han gjorde med henne, mens El Khatib legg til det som ikkje blir sagt. Gjennom blant anna e-postar, tekstmeldingar og lyd- og videoopptak skildrar stykket både El Khatibs siste stunder med mora, og diktar vidare på livet hennar etter døden. Det medisinske språket blir blanda med det franske og arabiske, mens El Khatib fortel om reiser mellom Marokko og Frankrike, kulturarven sin og sin eigen historie. El Khatib er også aktuell med The secret lives of old people (La vie secrète des vieux) som også blir spela på Det Vestnorske Teateret under Festspillene i år.
Les meir og kjøp billett: A beautiful ending
The secret lives of old people
Kjærleik og begjær mot slutten av livet.
På Hovudscenen: 2. og 3. juni kl. 19:00
Basert på over hundre intervju med menneske i pensjonsalder, har den fransk-marokkanske forfattaren og regissøren Mohamed El Khatib laga ei framsyning om dei ofte skjulte sidene ved kjenslelivet til eldre. På scenen står åtte kvinner og menn mellom 74 og 102 år og fortel om sensualitet – heilt frå første romanse i tenåra til begjær og sex i godt vaksen alder. Ein 80-åring seier at lysta n er lik som i tyveåra, mens ei som mista jomfrudommen i 1953 no mistenker at kvart samleie skal bli det siste. Galgenhumoren sit laust i forteljingar om kjærleik som ikkje alltid matchar kroppen si skjørheit. El Khatib står også bak A beautiful ending (Finir en beauté) som blir spela på Det Vestnorske Teateret under under Festspillene i år .
Les meir og kjøp billett: The secret lives of old people
Kvar er Festspillene på veg?
Ei feststemt oppsummering i Skifte (kulturbar i 3. etg) : 3. juni kl.16 – gratis!
Når Festspillene i Bergen går mot slutten for 73. gong, spør Norsk Kritikerlag: Kva var dei største høgdepunkta – og dei største skuffelsane – under årets festspel? Kva for inntrykk sit vi att med, og kva har prega årets utgåve? Kvar er Festspela på veg?
Og kva er eigentleg greia med Bergen og Oslo? Kvifor valfartar fleire utanlandske journalistar til Festspela, medan pressedekninga frå hovudstadsmedia er meir beskjeden? Er det berre folk i Oslo som ikkje har skjønt det, eller er det eigentleg noko gale med det bergenske sjølvbiletet?
Språk: Samtalen går føre seg på norsk
Medverkande:
Jens Kihl – kulturredaktør i Bergens Tidende
Keld Hyldig – kritikar, professor emeritus i teatervitskap ved Universitetet i Bergen
Charlotte Myrbråten – kritikar i Bergens Tidende, Klassekampen og Shakespearetidsskriftet; teatervitar og programansvarleg for vaksne ved Bergen Offentlege Bibliotek
Fleire medverkande vert annonserte seinare.
Ein samproduksjon mellom Festspela i Bergen og Norsk Kritikerlag
Foto: Thor Brødreskift