Come back, Liza

Musikalsk og intim framsyning, spelt i vår trivelege bar.
  1. Spelar
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 2 timar inkludert pause

Duoen Hermansen og Moe skal halde ein av sine mange avskilskonsertar. Denne kvelden tar det heile ei ny og uventa retning.

Lauritz Moe skal introdusere den gamle Harry Belafonte-slageren «Come back, Liza». Men i dag er han ikkje berre forlaten av kjærasten, han har nettopp fått vite at liket av faren er identifisert i Aust-Afrika. Det er vanskeleg å samle seg om det han skal seie, og digresjonane pressar seg fram. Medan tankane flyg, tar han oss med på ei reise til eit landskap der myte og verkelegheit flyt saman. Kjernetemaet er ein manns sakn etter ein far. Å vere sjømann er å vere menneske, berre litt tydelegare.

Come back Liza er ei førestilling der ein følgjer livet til sjømannen Lauritz Moe frå unfanginga i 1957 til i dag.  Det er den såre, men samstundes varme historia om ein sjømannsson som ikkje har sett faren sin sidan han var 5 år.  Det siste signalet kom frå den kenyanske hamnebyen Mombasa.  Dit reiser og Lauritz i for å finne att faren – eller i det minste nokon som har kjent han.

Lasse Kolsrud er ein eminent tolkar både av det som føregår i ein manns hovud og ikkje minst fantasi om kva for liv faren har levd.  Samstundes er Lasse Kolsrud og Espen Leite særs gode musikarar som skapar ei stemning der vi ser for oss 60-talet sine bokstavkjeks og ungdomskulepensum.  Vi kjenner det att og skapar eigne bilete som går saman med historia på scena.

Hjå Lauritz Moe veks det etter kvart  fram ein idé om ei førestilling om faren basert på Odysseen der Odyssevs brukte 10 år på å reise heim frå Troja til heimstaden Ithaka. Det heile vert krydra med burlesk humor, der både Jens Stoltenberg og den lokale frisøren frå oppveksten (som ikkje kunne lage den rette «flaisen»), vert skrivne inn i historia.

 

Ein generasjon av sjømenn

I midten av 1970-åra hadde også nesten ein tredjedel av alle yrkesaktive norske menn arbeidd til sjøs i kortare eller lengre periodar. Skodespelar Lasse Kolsrud var ein av dei. Hans erfaringar med hundevakt, rustpikking, billeg brennevin til jul, og ikkje minst forholdet til faren som var sjømann heile sitt liv, er eitt av utgangspunkta for forteljinga om den tidlegare sjømannen Lauritz Moe. Framsyninga blei til i samarbeid med Terje Nordby og hadde premiere i 1997. Når dei no tek framsyninga opp igjen vil dei finne ut korleis Lauritz Moe har det i dag, 20 år etter.

På scenen har Kolsrud med seg Espen Leite på trekkspel, og historiene frå Lauritz Moes liv blir ledsaga av ei rekke gamle slagarar frå ulike sjangrar.

Publikum sit rundt cafébord under framsyninga, og det er berre plass til 30 sjeler i salen.

 

Kunstnarleg lag

“Come back, Liza”
av Terje Nordby

Regissør: Lasse Kolsrud / Terje Nordby 

Visuelt ansvarleg: Unni Walstad

Dramaturg: Anders Hasmo

Skodespelar: Lasse Kolsrud

Musikar: Espen Leite

“Come back, Liza” er produsert av Det Norske Teatret og hadde urpremiere der den 2. oktober 2020. 

Bilete

Framsyningsfoto: Dag Jenssen.

Teatermeldingar