2066 Atter ein konge

Kjære publikum, Vi er veldig lei oss for at alle dei seks framsyningane (frå 29. mars - 3. april) med «2066 Atter ein konge» er blitt avlyst grunna sjukdom. Publikum som er råka av dette er blitt kontakta på e-post.
  1. Spelar
  2. Scene Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit

Med «Atter ein konge» er Statsteatret komen til det tiande og siste kapitlet i sin alternative Noregshistorie der dei ser på hendingar i Noreg mellom åra 1066-2066.


«ALDRI MEIR 2031!».
Skiltet står sentralt plassert kor du enn snur deg i år 2066. I 35 år har menneska, vi som var att, funne ein måte å overleva på. Helst under bakken, for på overflata lurer allslags farar. Ragnar, kollegaen min, mista venstre arm til Ravnfolket i fjor. Men her i gruvene er vi trygge, vi har arbeid og mat. Kongen bevare oss.
Sagnet seier at før hadde dei maskiner til alt, til å kriga, til å laga mat, ja,- dei kunne til og med fly. Men det er no berre eit sagn. Og det er helst barn som trur på slikt. For det gamle samfunnet er borte no, øydelagt av Den store stormen. Det vesle som fanst att, er destruert. Slik måtte det vera. Menneska flaug for nær sola og så brann dei opp. Slik skal det ikkje gå med oss. Difor har ein ikkje lov å eige ting frå før 2031. Kongen bevare oss.
Men så er det nokon, ja, det er alltid nokon – forbanna nysgjerrige rævhol som ikkje vil innretta seg. Folk som grev i overflata etter relikviar frå den gongen menneska var på sitt mest stupide. Folk som rotar i oska etter ein tapt draum. Slikt blir ein hengd for. Heldigvis. Kongen bevare oss.


Kunstnarleg lag: 

Yngve Sundvor og Statsteatret
Medvirkende:
Kim Sørensen
Per Kjerstad
Cato Skimten Storengen
Gard Bjørnstjerne Eidsvold

 

Ein samarbeidsproduksjon. 
Stykket hadde urpremiere på Rogaland Teater 19. februar og Oslopremiere på Oslo Nye Teater 22. mars. 

Tusen års historie i løpet av 10 år

StatsTeatret har frå 2011 til 2020 laga ti framsyningar i ein teaterserie som tek føre seg ulike historiske periodar og hendingar i Noreg mellom åra 1066-2066.
Med denne serien skriv StatsTeatret Noregs historie på nytt. Tusen år portrettert gjennom ti framsyningar i løpet av ti år. Dei har undersøkt kor vi kjem frå som folk, kvifor vi er blitt som vi har blitt, og fabulerer på kor vi er på vei som nasjon og som folk i framtida.
Med «Atter ein konge» er dei no komen til den tiande og siste framsyninga i denne unike serien.

Statsteatret ønsker å vere eit folketeater, eit teaterband med filharmoniske kvalitetar. Altså eit teater for alle. Publikum har teke imot deira teaterspråk med undring og kjærleik.

 

Statsteatret kavalkade!
Foto: Stavanger Aftenblad
Foto: Stavanger Aftenblad
Foto: Stavanger Aftenblad
Foto: Stavanger Aftenblad

Bilete

Teatermeldingar

Meldingar etter urpremieren på Rogaland Teater, 19. februar 2022.

"latter, alvor, leik og ettertanke"

Stavanger Aftenblad

"Stor satire og slående humor"

Dagsavisen