
Amadeus
Teaterstykket Amadeus tek utgangspunkt i eit rykte som har vore levande sidan tidleg på 1800-talet: At Mozart vart myrda av komponisten Salieri (!)
I Peter Shaffers fantastiske manus møter vi Salieri dagen han skal døy. Samvitet og angeren riv i han: Han drepte Mozart! Den djupt religiøse Salieri kan ikkje forstå kva Gud ville då han lot han møte den geniale, men samstundes riv hakkande gale, plumpe og barnlege Mozart. For kvifor har Gud gitt Mozart gåva å lage guddommeleg musikk, og ikkje han?
Når Det Vestnorske Teateret no bringer den klassiske musikken tilbake til vår unike hovudscene, så kan du vente deg flotte kostyme, og stor skodespelarkunst frå eit kruttsterkt ensemble, med Heddapris-vinnarane Torbjørn Eriksen og Svein Harry Schöttker-Hauge i rollene som Mozart og Salieri.
Bak det heile ligg den geniale og ubeskrivelege musikken til Wolfgang Amadeus Mozart.
I vår versjon av Amadeus vil den danske musikaren Klaus Risager lydleggje nærast heile framsyninga på sitt spesialbygde piano; tru oss - du har aldri sett eller høyrt maken!
Amadeus blir stadig vekk spelt på teater i ulike delar av verda og er blitt ein klassikar på høgde med dei mest kjende teaterstykka. Mange har også gode minner frå filmen som kom ut i 1984.
Av Peter Shaffer
Omsett av Mari Hesjedal
Regi: Hans Henriksen
Scenografi, video- og lysdesign: Edward Lloyd Pierce
Koreografi: Jonas Digerud
Kostymedesign: Camilla Bjørnvad
Komponist, lyddesignar og musikar: Klaus Risager
Dramaturg: Aslak Moe
Rolleliste – skodepelarar
Antonio Salieri: Svein Harry Schöttker-Hauge
Wolfgang Amadeus Mozart: Torbjørn Eriksen
Constanze Weber: Reidun Melvær Berge
Venticello/ Operasjef Orsini – Rosenberg: Kasper Skovli Botnen
Venticello/ Keisar Josef II: Sigmund Njøs Hovind
Venticello/ Hoffsjef Von Strack /Katherina Cavalieri: Lina Taule Fjørtoft
Musikar: Klaus Risager
Musikken i “Amadeus” er ulike innspelte verk av Mozart, men også verk av Mozart som vert spelt live av skodespelar Torbjørn Eriksen.
Musikar og lyddesignar Klaus Risager spelar musikk/lydbilete han har komponert sjølv.
…………………………………………………...
Rettar: NORDISKA ApS
Foto/visuelt uttrykk: Stig Håvard Dirdal.
Foto frå prøvar: Dag Jenssen.