Alle fantastiske ting

Stykke er no ferdigspelt hos oss i Bergen. Tusen takk for kjempefin respons til alle som kom på framsyninga.
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen, Det Vestnorske Teateret (i Logen)
  3. Varigheit ca 1 time og 10 min

Kan du nevne hundre ting som gjer livet fantastisk? Tusen? Kva med ein million?

Mamma er på sjukehus. Pappa seier at ho har "gjort noko dumt". Så eg lager ei liste. Ei liste over alle fantastiske ting i verda. Ting som gjer livet verdt å leva. 

«Alle fantastiske ting» er historien om guten på sju år som får ein idé på venterommet til sjukehuset, etter at mora prøvde å ta livet sitt. I eit forsøk på å hjelpe si kronisk deprimerte mor, lagar sonen ei liste over ting som gjer livet verdt å leva. Lista blir til eit livslangt prosjekt. Når vi møter guten som vaksen har lista fått sitt eige liv, og følgt guten gjennom vanskelege og lukkelege periodar i livet hans.

«Alle fantastiske ting» er ein hyllest til det tilsynelatande ubetydelege, som å sykle i nedoverbakke. Gjennom improvisasjon, humor og i samspel med publikum inviterer den prisvinnande skodespelaren Henrik Mestad deg med inn i historien. Ei historie som har sjarmert publikum verda over, og begeistra både publikum og kritikarar i Oslo, som utan unntak har trilla terningane til seksarar og femarar. Kritikarar skildrar showet som «rørande og forrykande», «strålande skodespelarkunst» og hyllar Henrik som ein fantastisk formidlar.

Velkommen til ei varm, morosam og oppløftande historie om alle fantastiske ting som gjer livet verdt å leva, og som rører oss alle.

Kunstnarleg lag

Av: Duncan Macmillan og Jonny Donahoe.
Omsett av: Hans Morten Hansen
Bearbeiding av tekst: Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad
Regi: Bjarte Hjelmeland
Med: Henrik Mestad
Scenografi: Over Norge

Tilrådd aldersgrense: Frå 13 år

Framsyningsfoto: Øyvind Ganesh/Over Norge
Plakatfoto/design: Fredrik Arff/Over Norge
Produsert av Over Norge 
Forlag: Colombine

 

Treng du nokon å snakke med?
Ring Mental Helse sin hjelpetelefon: 116 123 eller Kirkens SOS: 22 40 00 40

Bilete

Framsyningsfoto: Øyvind Ganesh/Over Norge

Teatermeldingar